Me er eit digitalt reklamebyrå som leverer tenester innan:

Strategi, idé og konsept

For å få full effekt av kommunikasjonstiltaka er det avgjerande at måla er definerte og at planane for å nå dei er lagde. Dette brenn me for – vegen til målet, blanda med ein god dose idétenking.

Identitetsdesign

Gi bedrifta eit etterlengta ansiktsløft og ny profil. Ein gjennomarbeida profil inneheld reglar for bruken av logoar og merker, fargar og skrift på nettsider og trykksaker, profierings- og reklameartiklar, skilt, uniformar, bildekor og liknande. Me gir bedrifta di eit unikt uttrykk.

Innhaldsmarknadsføring

Me hjelper bedrifta di å produsera målretta og engasjerande innhald i alle digitale kanalar, anten det gjeld facebook eller nyhende feeden på nettsida di. Slik bygger du tillitt og lojalitet hos kundane dine.

Sydvest

Januar 2016 beslutta digitalbyrået Axenta, fotograf Magne Langåker og Oktan Stord å danna det nye digitale reklamebyrået Sydvest. Den felles satsinga kom som eit resultat av lang tids samarbeid, og eit ønske om å spissa seg ytterlegare innan det digitale.

Magne Langåker var ein av dei som i si tid starta kommunikasjonsbyrået Sydvest og har etter åtte år med merkevareleiing hos kunde gått for fullt inn i reklamebransjen igjen. Med Langåker på laget får Sydvest tilført ytterlegare rådgjevarkompetanse.

Axenta er eit lite, men særs kompetent digitalt byrå som arbeidar med nettløysingar, systemløysingar og rådgjeving innan digitale løysingar. Lars Melkevik, som driv Axenta, vil bli Sydvest sin digitale rådgjevar .

Langåker og Melkevik har også lenge arbeida med video, foto og droneflyging. Dette vil vil gje Sydvest endå ein dimensjon i marknadsarbeidet.

Oktan Stord har vert ein kreativ og engasjert støttespelar for industri- og næringsliv i regionen i ei årrekkje. Selskapet gjekk gjennom store endringar i 2015 og såg behovet for å styrka seg digitalt. Det vart difor naturleg å henvenda seg til dyktige samarbeidspartnarar om ei felles satsing. Silje Marie Helland Dahl vil fortsetje som rådgjevar og Cristiane Velloso Hamnes vil framleis vera designer og Art director. Jostein Sydnes vil ha rolla som dagleg leiar og rådgjevar i det nye selskapet.

Me ønsker å vera endå sterkare tilstades for våre nye kundar med vår nye satsing. Me held no til i Kunnskapshuset i Sæ. Der har me selskap av endå fleire kunnskapsbedrifter i eit dynamisk miljø.

MB Skandinavia

Sydvest er ein del av det skandinavisk kommunikasjonshuset MB Skandinavia som består av selskap innan reklame, PR, analyse og digital kommunikasjon. MB Skandinavia har rundt 300 dedikerte medarbeidarar og me deler all erfaring og kompetanse som er i nettverket. Hos oss er alle strategiske og kreative ressursar tilgjengelig for kvar enkelt kunde. Me har kontor i Bergen, Oslo, Stavanger, Trondheim, Drammen, Hamar, på Stord, i København, Helsingborg og Stockholm. Alle selskapa innanfor MB Skandinavia er tufta på dei same grunnleggjande verdiane, og våre felles samlingar og samarbeid gjer at me får utfordra kvarandre gjennom konkrete prosjekt.
Sjå meir om MB Skandinavia her.

Kontakt oss

Ta kontakt på telefon 53 40 32 60, eller e-post post@sydvest.no. Eventuelt kontakt Jostein på tlf 913 71 097.

Nokre av våre kundar